Alle rom
2. etasje
Open for booking
Stovene
Selskapslokale med storkjøkken, dekketøy til 150, bar og dansegolv
16 bilete
Etasje
2. etasje
Kapasitet
150 personar
Pris frå
2 000,-
Status
Open for booking
Om rommet
Stovene i 2. etasje er dei klassiske selskapslokala i huset og rommar opp til 150 personar. Etasjen er delt i Stova, Storstova med dansegolv og den sjarmerande «Bispastovo», og kan leigast samla eller kvar for seg. Med fullt utstyrt kjøkken, dekketøy og bar er Stovene det naturlege valet for bryllaup, konfirmasjon, dåp, jubileum og minnestunder. Ved konfirmasjon, dåp og gravferd kan ein dekke på dagen før – ved bryllaup inntil to dagar før.
- Opp til 150 personar
- Stova, Storstova (dansegolv) og «Bispastovo»
- Fullt utstyrt storkjøkken og dekketøy til 150 personar
- Bar
- Tilgang toalett i foajeen ved bryllaup
- Dekking dagen før (bryllaup: 2 dagar før)
Prisar
Husleigesatsar for Stovene
Stova med skjerm, til bruk som møterom for maks 50 personar inntil 3 timar, utan tilgang til storkjøkken og dekketøy. Bardelen kan nyttast til enkel bevertning, tilgang til kaffitraktar og vannkokar. Vask inkludert.
inkl. vask
2 000,-
Stova, kun bardelen til mindre arrangement, utan kjøkken og dekketøy.
2 500,-
Tillegg: Storstova (dansegolv), utan tilgang kjøkken.
tillegg
1 000,-
Tillegg: «Bispastovo» (innerste stova).
tillegg
1 000,-
Tillegg: tilgang til å nytta kjøkken kjølerom og dekketøy
tillegg
1 500,-
Heile stove-etasjen med bar, kjøkken og dekketøy – feiring, konfirmasjon, dåp, gravferd (dekking dagen før)
6 000,-
Bryllaup – heile stove-etasjen med kjøkken og dekketøy, tilgang toalett i foajeen (dekking inntil 2 dagar før, rydding neste dag)
7 500,-
Prisliste pr. 29.10.2026. Dersom ikkje anna er merka, er prisane eksklusive vask, tilrigging og rydding.