Om oss

Eit hus bygd og drive av folket

Halsnøy Kulturhus SA er eit samvirkeføretak eigd av folket på øya og drive på dugnad. Her finn du historia, styret, Velforeininga og dei faste brukarane.

Frå arkivet: bygda, huset og folket gjennom åra.

Huset

Eigd av folket. Drive på dugnad.

Halsnøy Kulturhus SA er eit samvirkeføretak eigd av folk på Halsnøy. Huset har ingen faste tilsette og vert halde i gang av menneske som legg ned tid, arbeid og engasjement for lokalsamfunnet.

Det er slik huset vart til. Og det er slik vi ønskjer at det skal halde fram. Alle som brukar huset er med og tek vare på det: vi klargjer, passar på varmen, riggar til, ryddar og vaskar etter oss.

Kulturhuset ligg i Sæbøvik, med utsikt mot sjøen, og rommar ein amfisal med 187 plassar, foajeen, kafé, selskapslokale og møterom fordelt på tre etasjar. Inntektene frå utleige og arrangement går uavkorta attende til drift og vedlikehald av huset.

Halsnøy Kulturhus i Sæbøvik
Kulturhuset i Sæbøvik – amfi, kafé, stover og møterom under same tak.
187
plassar i amfiet
3
etasjar
7
rom til leige
0
faste tilsette

Historikk

Historia til huset

Halsnøy Kulturhus har ei lang historie som samlingsstad for folket på øya. Her kjem meir om korleis huset vart til, dugnadsåra og menneska som har forma det.

Har du gamle bilete eller historier frå huset? Vi vil gjerne ha dei! Send til post@halsnoykulturhus.no.

Del bilete eller historier

Utsnitt frå arkivet

Trykk på eit utsnitt for å sjå det nært
Biletveggen med dei historiske fotografia i foajeen

I foajeen

Bileta heng på veggen i foajeen – kom innom og sjå dei i full storleik.

Biletveggen er den første du møter når du kjem inn døra. Set deg ned i sofaen og finn att folk og stader frå øya.

Styret

Styret

Halsnøy Kulturhus SA vert leia av eit styre valt av eigarane på årsmøtet. Styret har ansvar for drift, utleige, økonomi og vedlikehald. Ta gjerne kontakt med oss.

  1. Styreleiar

    Kurt Jonny Sæbø Henriksen

  2. Styremedlem og dagleg leiar

    Bodil Fjelland

  3. Styremedlem

    Roy Faste Særsten

  4. Styremedlem

    Therese Njøten Størksen

  5. Styremedlem

    Mette Eide Hvidevold

Varamedlemmer

  • Bernt Mehammer Tofte
  • Knut Grønseth
  • Vidar Hvidevoll

Velforeininga

Velforeininga

Velforeininga er motoren i drifta av kulturhuset. Frivillige frå heile øya legg ned utallege dugnadstimar på arrangement som opningshelg, Street Food og Festivalveka – og desse arrangementa er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til huset.

Vil du vere med? Alle er velkomne, anten du kan steikje vaflar, rigge scene, selje billettar eller halde orden på kjøkenet. Ta kontakt på post@halsnoykulturhus.no.

Dekking av langbord før fest i Stovene

Faste brukarar

Faste brukarar av huset

Fleire lag og organisasjonar har kulturhuset som fast base. Dei faste øvingane ser du i kalenderen under booking.

  • Halsnøy Strupeband

    Det lokale koret øver i King Oscar Amfi kvar torsdag kl. 18:30–21:00. Nye songarar er alltid velkomne!

  • Lions Club

    Lions brukar huset til møte og arrangement til inntekt for gode føremål.

  • Bulder

    5 kjekke ungdomsår har starta bandet Bulder som har øvingslokale i det gamle kinomaskinistrommet. Dei spelar populærmusikk og øver etter behov. Her er det plass til fleire musikkinteresserte og spesielt vokalist er dei på jakt etter.

Vil laget ditt bli fast brukar av huset? Vi finn ei ordning som passar.

Ta kontakt