Ei gåve til arbeidet bak kulissane
På kulturhuset møtest folk i King Oscar Amfi, Foajeen og Kippers Kafé. Når gjestene går heim, står nokon att med oppvasken – eit viktig arbeid som sjeldan er synleg.
No har Sparebanken Norge tildelt Halsnøy Kulturhus 200 000 kroner til ei oppvasksone med ny steam-vaskemaskin. Det er vi svært glade for.
For alle som brukar huset
Halsnøy Kulturhus er eigd av folket på øya og drive på dugnad. Her er det rom for faste brukarar og for dei som kjem til framsyningar, møte eller ein prat.
Etter samlingar må det ryddast, slik at romma er klare til dei neste. Ei god oppvaskløysing vil gjera kvardagen lettare for dei som brukar og tek vare på huset.
Velforeininga står for dugnadane, og mange legg ned tid og omtanke her. Tildelinga støttar arbeidet som går føre seg utan publikum.
Takk for støtta
Takk til Sparebanken Norge for konkret hjelp til dei praktiske oppgåvene i kulturhuset.
Bak det som skjer på scena, ligg mykje arbeid før og etter. Når du kjem innom, er du med på å halda liv i ein møtestad som høyrer heile øya til.